Startmøte i idrettslaget

Tid: Tysdag 25. mai kl. 18:00 - 21:30
Stad: Frendehall   
Arrangør: IL Veten & Sogn og Fjordane Idrettskrins

Styret har teke initiativ til å gjennomføre ein klubbutviklings-prosess for å vidareutvikle aktiviteten i laget.

Utviklingsarbeidet er lagt opp med eit STARTMØTE og arbeidet blir følgd opp med ein ny kveld etter 5-6 månader og seinare etter behov.

Start- og oppfølgingsmøte blir arrangert i samarbeid med Sogn og Fjordane Idrettskrins og rettleiar(ar) frå krinsen blir med på gjennomføringa.

Vi ønskjer å få med aktive, tillitsvalde, trenarar, foreldre, ungdom og elles andre medlemer.

Tema for kvelden:
-> Status:
. - Kvar står vi i laget i dag
. - Kva fungerer bra og kva kan vi bli betre på
-> Utdannings-/utviklingstilbod frå idretten (krins, forbund)
-> Behov/ønskje om utviklingstiltak, mål, prioritering
-> Utarbeide utviklingssplan i laget

Du er hermed invitert og vi ønskjer deg velkomen.

Merk.: Møtestad er ungdomshuset Frendehall i Blakset.

Klikk her for påmelding.