Bjørkelibakkane, historikk

Bjørkelibakken

Av Vidar Bergset

BjørkelibakkenDer 90-metersbakken og dei andre bakkane på Bergset ligg i dag, (Bjørkelibakken) – har det vore hoppbakke også i tidlegare tider.
Den gamle Bjørkelibakken vart mest brukt i 20-åra, men truleg vart han brukt som treningsbakke for skihopparane i ”Idrettslaget Fjell” også tidlegare. Så vart det etter kvart renn med utabygdes deltaking, og bakken var i bruk til litt ut i 30-åra. Bakken var ein naturleg bakke utan fartsoppbygg, men dei hadde laga til eit hopp av jord, og det var vanleg å forme til bakken ved å legge på kvist som dei moka snø oppå. Bakken var litt skeiv og hadde ein tverr overgang, og dessutan var unnarennet problematisk; ofte måtte hopparane stogge ved å kaste seg overende. Men bortsett frå dette så var det nok ein fin og luftig hoppbakke som vart mykje brukt av hopparane frå ”I.L.Fjell” og Blakset I.L.
Vebjørn Sølvberg fortel at det fyrste rennet han kan hugse i Bjørkelibakken var i 1925 eller –26, og den gongen var det Olai Haugen frå Hornindal som vann rennet. Ein av sønene til sokneprest Andenæs var også med, og han datt og braut eine skia. Men han tok ikkje det så tungt. ”Pappa kjøper nok nye ski!” sa han.
Hopplengdene var sjølvsagt ikkje slik som i dag, og truleg var bakkerekorden på 44 eller 45 meter. For hopparar som ikkje var vande med bakken, kunne han nok verke litt skræmande. Ein hoppar sa ein gong - han stod oppe i tilrennet og skulle utfor: - ”Her ser ein berre hoppkanten og blå fjorden – og Utvikja!”
Det skjedde nok nokre uhell i bakken, og det var somme som helst ikkje ville hoppe der, mest på grunn av det vanskelege unnarennet.

Men ein bakke måtte skihopparane ha, og så kom Ullberg-bakken på Ulvedal, fyrst i 30-åra og seinare med ny utbygging frå ca 1950 og utover.
Dei to idrettslaga ”Fjell” og ”Blakset I.L.” vart samanslegne midt på 60-talet, og det nye laget fekk namnet ”Veten”. Det nye laget hadde planar om tre små hoppbakkar på Ulvedal, og hadde fått tippemidlar til utbygginga. Men så kom det fleire milde vintrar då det vart snøproblem på Ulvedal, og spørsmålet vart: Kva skal vi no gjere? Ein fekk gjennomslag for opparbeiding av dyrkingsvegar i utmarka på Fjella ca 1980, og desse vegane fekk nok sitt å seie for planane om ny Bjørkelibakke. Anleggssjefen i Skiforbundet var på plassen og såg på tilhøva, og han vart litt imponert, bl.a. over kvaliteten på det naturlege terrenget frå flatene og opp til Bergsetnakken. Så, ca 1990, bestemte laget seg for å gå inn for Bjørkelibakken, og det vart søkt om tippemidlar til den nye bakken.

Markane I.L. hadde hatt ein draum om å arrangere NM i hopp, langrenn og kombinert, men dei ”mangla” ein 90 m-bakke. ”Veten” fekk spørsmål frå Kulturstyret i Stryn om det var mogeleg å byggje ein så stor bakke etter det som var planlagt på Bergset. Ei arbeidsgruppe såg på kostnadene etter fire alternativ: Sætren, Ullsheim, Hornindal og Fjella. Hornindal melde frå om at det ikkje var aktuelt for dei, og konklusjonen til arbeidsgruppa vart at det var billegast å byggje ut Bjørkelibakken. Skiforbundet kom inn i biletet med krav om at dersom det var snakk om utbygging, så måtte det bli eit skikkeleg hoppanlegg, med fleire bakkar i ulike storleikar. Ein av grunnane til at Skiforbundet heile tida har vist velvilje, var at dei ville gje eit handslag til skisporten på Nordvestlandet.
Det fyrste dugnadsarbeidet var bygging av veg til hoppbakkane og aktivitetssenteret hausten 1992. Og sidan gjekk det slag i slag. Det vart vedteke at det skulle arrangerast NM i nordiske greiner i Stryn i 1996, eit renn som ikkje ville ha blitt lagt til Stryn om dei hadde mangla 90-metersbakke. Og rennet vart gjennomført med bravur trass i snømangelen, med hektisk og storslegen innsats av friviljuge, både på Ullsheim og i Bjørkelibakken.

Ein kan ikkje skrive om Bjørkelibakken utan samstundes å nemne Vangen Aktivitetssenter.
Det har heile tida vore ein intim samverknad mellom desse to tiltaka, til beste for båe partar. Masse frå utgravinga av bakken har m.a. vorte brukt til underlag for parkeringsplassar, og utfylling og utjamning av området der aktivitetssenteret vart bygt. Mykje av området rundt var ”botnlaus myr” der det i dag er fast grunn.
Der har vore skirenn med norsk og internasjonal deltaking i Bjørkelibakken kvar vinter sidan den store bakken var ferdig. Der har vore Norgescup-renn, NM for junior i hopp og kombinert, og Continental-cup i hopp. Ein kan vel seie at kjende hopparar som Kristian Brænden og Sigurd Pettersen ”slo igjennom” i Bjørkelibakken.
Og anleggsarbeidet har halde fram etter planen. Der er no eit nærast komplett hoppanlegg med seks bakkar: på 10 m, 15 m, 25 m, 40 m, 70 m og 90 m. Bakkerekorden i den store bakken har vorte flytt fleire gonger og er no på 104 m.

Anlegget på Vangen omfattar no, i tillegg til hoppbakkane: Lysløype, turløyper vestover til Nosakleiva og austover til Raufjell-støylen, handicap-løype, trasear for langrenn, og to små skitrekk og slalåmbakkar. I samband med Vangen Aktivitetssenter har ein rennkontor,
smørjebu, kafeteria, kjøkken, anlegg for Stryn Leirskule, garderobeanlegg, parkeringsplassar, etc.
Leirskulen har overnattingskapasitet til to leirskuleklassar.

Bygdefolket har gjort ein stor innsats i bygginga av begge desse anlegga. Dugnadsinnsatsen har vore formidabel, og dei ikkje-bokførde verdiar høyrer til i fleiremillionars-klassen.

Det har vore ei merkbar utvikling i Bjørkelibakken frå den tid lauparane fekk tid til fem-seks treningshopp på ein søndag ettermiddag etter fyrst å ha trakka bakke og gjort alt i stand, til dei moderne storfuglane som landar på over 100 meter. Og hopparane av i dag let vel over bakken og seier at det er ein av dei beste dei har prøvt.