Panoramamarsjen

Panoramamarsjen tek utgangspunkt frå Nordfjord Fritidssenter på Fjelli, ca 20 km vest for Stryn.
Dette er eit arrangement som har som mål å gje menneske i alle aldersgrupper og med ulik fysikk sjansen til å oppleve fjellet. Eige opplegg for barn, og det er også organiserte guida turar i ulike vanskegrader.
Panoramamarsjen er eit årleg arrangement der du samlar poeng frå år til år og oppnår ulike utmerkingar. Alle turane har start og innkomst på Nordfjord Fritidssenter, Bergset, Fjelli. Du vel om du vil vere med på organiserte vandringar, eller om du vil gå frå post til post sjølv. Det er utplassert mange postar frå fjell til fjøre der du kan klippe i startkortet ditt på kvar post.
Du får kart med deg og styrer alt sjølv. Kor mange postar når du? Frammøte frå kl 9.00. I mål før kl 18.00
Siste nytt
- Tys 12.jan 23:01
- Oppstart av langrennstreningar torsdag
- Sø 10.jan 13:01
- Fine løyper til Sølvbergsstøylen
- Lau 09.jan 23:01
- Årskort parkering 2021
- Tys 30.jun 22:06
- Resultat frå Nær O-løp 18.06.20
- Ons 17.jun 23:06
- Nær O-løp torsdag 18. juni