Vel overstått Holmøyskarrenn!
Med flunkande ny trasé og strålande vêr vart årets Holmøyskarrenn ein stor suksess. Omlag 630 registrerte deltakarar, av desse 57 i konkurranseklassen, stilte til start ved Nordfjord Fritidssenter Palmesøndag.

Arrangørane Hardbagg IL og IL Veten har fått mykje skryt for arrangementet og løypetraséen. Vi vil rette ein stor takk til alle som har stilt på og gjort dette muleg!
Her kan du sjå bilete frå renndagen!
Ver med på den lengste sløyfa av Holmøyskarrennet på 4 minutt!
Roger Lillestøl, Hornindal, var suveren i herreklassa og vann med over fem minutt til atten år gamle Helge Kvam Karbø, Sunnylven.
Mellom damene var det førdejenta Karolinge Holsen Kyte som var raskast. Alle detaljar får du ved å laste ned resultatlista.
Les meir på www.holmoyskarrennet.no.
Les meir i Fjordingen.
Besøk Facebook-sida.
(Sist oppdatert 26.mars 2013, 13:40)
Siste nytt
- Tys 12.feb 21:02
- CUP-renn i langrenn 13.02.19 (klassisk stil)
- Lau 09.feb 22:02
- Søndagsmiddag og opning av skitau i morgon!
- Sø 03.feb 16:02
- SFE Cup i hopp utsett!
- Tor 24.jan 16:01
- Flytting av cuprenn i langrenn
- Sø 20.jan 22:01
- Informasjon om Idrettsskulen vinter/vår 2019
Kalendar
- 26. feb
- SFE Cup Hopp
- 10. mar
- SFE Cup Hopp/kombinert Finale og KM
- 14. mar
- Cuprenn langrenn (fristil)
- 30. mar
- Vetenrennet - SSF karusell