Panoramatur med støylskultur
Søndag 21. august er det inviterer Trimgruppa i IL Veten til ein fin fjelltur på Nordsida i Stryn kommune. Nordfjord Fritidssenter er utgangspunktet for turen slik det har vore på Panoramamarsjen i fleire år. I år har vi valt å konsentrere oss om berre ein guida tur, 5-STØYLSTUREN.

Undervegs vil vi få litt orientering om støylane og ein del av det andre vi ser. Er vi heldige, treff vi folk i nokon av sela. Kanskje vankar det ein kopp kaffi også.
Turen er lett og går i roleg tempo. Det er ingen konkurranse om å kome først i mål. Vi startar ca. 500 m.o.h. Høgaste punktet ligg på ca. 730 m.o.h. Såleis er det ein snill tur. Vi reknar med å bruke ca. 4 timar alt etter kor mykje tid vi tek til pausar. Løypa er fin for dei som er usikre på kor langt dei vil gå. Det er nemleg merka stiar tilbake til Fritidssenteret frå alle støylane, så ein kan korte ned turen om ein ønskjer det.
Dette er eit gratistilbod for alle aldrar. Ta med gode kle, sko som toler vatn, mat og drikke. Møt opp på Nordfjord fritidssenter på Fjelli kl 12.00 så vil du få ein god tur i hyggeleg selskap.
Helsing
Trimgruppa
(Sist oppdatert 19.august 2016, 18:12)
Siste nytt
- Tys 12.jan 23:01
- Oppstart av langrennstreningar torsdag
- Sø 10.jan 13:01
- Fine løyper til Sølvbergsstøylen
- Lau 09.jan 23:01
- Årskort parkering 2021
- Tys 30.jun 22:06
- Resultat frå Nær O-løp 18.06.20
- Ons 17.jun 23:06
- Nær O-løp torsdag 18. juni