Det nærmar seg Junior NM!
Leiar i IL Veten, Oddvin Myklebust, kjem her med ein status på tilhøva i Bjørkelibakken no når det nærmar seg den store renn-helga.
Etter mykje planlegging, preparering og forbereding nærmar vi oss no den store rennhelga. Frå komande fredag 16/2 til og med søndag 18/2 vert det Junior NM for hopp og kombinert i Bjørkelibakken. Det er flotte forhold i heile området, både i bakkar og løyper. I tillegg har vi rigga oss med eit stort arenatelt der vi har rennkafè. Der blir det servert heimelage betasuppe, sveler og kaffi. Så desse dagane kan ein virkelig kose seg på Nordfjord Fritidssenter. Velkomne!







(Sist oppdatert 13.februar 2018, 22:33)
Siste nytt
- Tys 12.jan 23:01
- Oppstart av langrennstreningar torsdag
- Sø 10.jan 13:01
- Fine løyper til Sølvbergsstøylen
- Lau 09.jan 23:01
- Årskort parkering 2021
- Tys 30.jun 22:06
- Resultat frå Nær O-løp 18.06.20
- Ons 17.jun 23:06
- Nær O-løp torsdag 18. juni