Holmøyskarløypa køyrt opp på ny!
Fantastiske vermeldingar for heile veka! Trakkemaskina har køyrt gjennom heile den offisielle Holmøyskarløypa.

Denne løype- og naturperla vil bli helden open gjennom heile påska så sant forholda tillet det. Last ned app frå skisporet.no for å få oppdatering. Vi fekk diverre ikkje nytte denne traseèn i år, på Holmøyskarrennet, då vermeldingane tidleg på dag var for risikable. Om du ynskjer å gå denne traseèn no i påska og blir så imponert at du har lyst å gi eit bidrag til prepareringa, så kan du Vippse til 81799 eller søke opp "Idrettslaget Veten".
Også resten av dei naturvakre løypene våre er nypreparerte.
Velkomne - hugs parkering og God tur!
Oddvin Myklebust
Leiar, IL Veten

(Sist oppdatert 27.mars 2018, 18:28)
Siste nytt
- Tys 12.feb 21:02
- CUP-renn i langrenn 13.02.19 (klassisk stil)
- Lau 09.feb 22:02
- Søndagsmiddag og opning av skitau i morgon!
- Sø 03.feb 16:02
- SFE Cup i hopp utsett!
- Tor 24.jan 16:01
- Flytting av cuprenn i langrenn
- Sø 20.jan 22:01
- Informasjon om Idrettsskulen vinter/vår 2019
Kalendar
- 26. feb
- SFE Cup Hopp
- 10. mar
- SFE Cup Hopp/kombinert Finale og KM
- 14. mar
- Cuprenn langrenn (fristil)
- 30. mar
- Vetenrennet - SSF karusell