Oppstart av langrennstreningar torsdag
Her kjem litt informasjon frå Langrennsgruppa:
SKITRENING, SKILEIK OG HOPP!
Tidspunkt: Torsdag kl 18.00
Stad: Nordfjord Fritidssenter
Då er vinteren endelig komen og det er flotte skiforhold i løypene! Etter mykje fram og tilbake med vurdering av aktuell dag og legging av trenerkabal, har vi komt fram til at treningane blir på torsdagar i vinter. I år skal vi forsøke å samkøyre skitreningane med hopptreningane, slik at det blir ein flytande overgang frå skitrening kl 18 til hopptrening ca kl 19. Vi håpar dette kan være kjekt for alle som er med på treningane og at det kanskje kan stimulere til litt meir aktivitet i hoppbakkane etterkvart.
Som føregåande år vil vi ha 3 grupper; ei for barnehagebarn/nybegynner, ei mellomgruppe med stort fokus på skileik og ei gruppe for dei litt eldre som vil trene. Den eldste gruppa vil oppholde seg i lysløypa, medan dei to andre gruppene vil i år ha hovudbase i hoppflata. I hoppflata har vi eit stort område å boltre oss på, god belysning og nærhet til hoppbakkar av alle ulike størrelsar. Dette området er også godt eigna for å kunne klare å halde avstand til kvarandre i desse virustider. Vi har laga ein god slagplan med litt smågrupperingar og meir individuell aktivitet/leik, slik at vi følgjer smittevernsretningslinjene og kan være i aktivitet med god samvittigheit. Frisk luft og aktivitet er svært viktig for alle i desse tider, og med det flotte anlegget som vi har på NFS ligg alt tilrette for at vi kan kose oss ute med ski på beina.
Vi håpar så mange som mogleg har lyst og anledning til å være med på skitreninga, og også hopptreninga, og ønskjer alle vel møtt torsdag kl 18.00. Den eldste gruppa møtest utanfor garderobane og dei to andre gruppene møtest på hoppflata!
NB: Det er kjekt om mange vaksne også er med, men vi minner då om at det er viktig å halde avstand til kvarandre!
Om nokon har spørsmål er det berre å ta kontakt.
Snakkast på torsdag:)
Odd Arne Bergset
Leiar i Langrennsgruppa

(Sist oppdatert 12.januar 2021, 23:19)
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_422a_7.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt
- Tys 12.jan 23:01
- Oppstart av langrennstreningar torsdag
- Sø 10.jan 13:01
- Fine løyper til Sølvbergsstøylen
- Lau 09.jan 23:01
- Årskort parkering 2021
- Tys 30.jun 22:06
- Resultat frå Nær O-løp 18.06.20
- Ons 17.jun 23:06
- Nær O-løp torsdag 18. juni