Panoramamarsjen, søndag 9. august.
Hugs Panoramamarsjen frå Nordfjord Fritidssenter, Nordsida, Stryn
søndag 9. august.
søndag 9. august.

Vi inviterer til turar frå fjord til fjell i merka løyper på Nordsida. I år som tidlegare vil du få utdelt klippekort ved registrering, og du kan legge opp til den eller dei turane du ønskjer. På kvar rute er det ein klippepost som gjev deg poeng. Dette vil vere eit årvisst arrangement og oppsamling av poeng vil etter kvart gje utmerking! Vanskegrada på turane er varierande, og du kan sjølv tilpasse turvalget etter evne og ønskje. Nytt av året er 5-toppsturen for dei sprekaste. I tillegg er det kome ny lett, oppgrusa sti til Demmene. Fin tur!
Registrering: Nordfjord Fritidssenter, Fjelli i Stryn. Ca. 20 km vest for Stryn. Godt skilta til ”Fritidssenter”.
Tidspunkt: Registrering frå kl 10.00. Retur før kl 17.00
Pris: Vaksne kr 100,- / born kr 50,- /familiebillett kr 250,-
Det vil også bli organiserte tilbod med guide
a. Rosetstøylen (kort tur), start kl 12.00
b. Femstøylsrunden (middels tur), start kl 12.00
c. Femtoppstur (lang tur), start kl 10.00
d. Opplegg for dei yngste, start kl 12.00
e. Opplegg for funksjonshemma, start kl 12.00
Vi håpar på strålande ver, men mest av alt håpar vi DU kjem og gjer dette til ein flott dag og eit godt arrangement!
Velkomen!
Komiteen
Panoramamarsjen 2009
Plakat
(Sist oppdatert 05.august 2009, 22:52)
Siste nytt
- Må 09.des 22:12
- Terminliste for hopp og kombinert 2020
- Må 09.des 22:12
- Skiløyper til Nosakleiva
- Lau 07.des 15:12
- Oppkøyrde skiløyper til Sølvbergsstøylen
- Må 25.nov 22:11
- Idrettslagsbasar 01.12.19
- Tys 12.nov 19:11
- Handlekveld på Sport 1 torsdag
Kalendar
- 5. jan
- SFE KM Hopp og kombinert
- 30. jan
- SFE Cup Hopp
- 27. feb
- SFE Cup Hopp
- 8. mar
- SFE Cup Hopp Finale