Informasjon om Barneidrettsskulen vinteren 2018

Av Øyvind

Barneidrettsgruppa i IL Veten ønskjer alle barna i klassetrinn førskulen til 7. kl i IL Veten sitt ”område” velkomne til idrettsskule vinteren 2018!
Målet med idrettsskulen er å gje barna høve til å prøve seg på ulike aktivitetar. Vi har sett opp namn på born under assistent. Det er no opp til dykk foreldre om det er far eller mor som vert med. Vi har først og fremst tenkt at oppgåva til assistentane er å prøve å få med alle barna på aktiviteten, bistå ved evt. konfliktar som måtte oppstå og elles hjelpe til ved behov. Vi håpar at den som er assistent tek på seg oppgåve med å vente til alle borna er henta. Dersom de ikkje har høve til å stille den dagen de er sett opp oppmodar vi dykk til å byte med nokon.
Dei gangane vi er på NFS tek hjelpar med seg saft. Der det står to hjelparar er det den første som tek med seg. Vi blandar 4fl varm saft og to kald. Varene kjøper vi på Coopen når det er tomt. Når vi er andre stadar tek vi med drikke sjølve. Aktivitetsplanen for denne perioden følgjer med, ta godt vare på denne. Ver oppmerksam på nokre delingar av gruppa, tider og kvar vi skal møtast. Der det er delingar er gruppene tenkt slik gruppe1. førskule-2kl og gruppe 2. 3-7 kl. Vi startar med alpint i skitrekket i Hornindal, HJELM ER PÅBUDT. (Trekket er gratis)
Vi held slalåmtrening første timen. Trekket er ope frå 18.00-21.00 (vi kan nytte heile tidspunktet). Her er vi avhengige av at foreldre er med og held eit auge med ungane.

Skiskyting på Ålandsleitet, er for dei som tok barmarkstreninga i haust. Vi er mange og må dele oss i tre grupper for og ha nok utstyr.
Gruppe 1 møter 18.45 : Tuva R, Henrik, Telma, Tora, Theodor, Martine, Martinus, Tale, Madeleine
Gruppe 2 møter 19.15 :Jakob, Rubina, Frida, Jonathan, Einar, Haakon, Peder, Amanda, Hedda
Gruppe 3 møter 19.45 : Tuva F, Bjørnar, Tarjei, Erling, Sander, Mathilde, Aurora, Eirik, Johannes
Treninga varer ca en time pr gruppe.
O-løp etter påske må vi komme tilbake med kvar vi skal møtast, det må vere bart der vi skal vere.
Avslutning kjem det eige skriv om.

Helsing Barneidrettsgruppa IL Veten
Vigdis, Bente, Monica og Anita

Kontaktperson for idrettsskulen er Anita Roset, 41244549, anita@tendenmiljo.no

Klikk på bildet under for å sjå aktivitetsplanen

Idrettsskulen: aktivitetsplan vinter 2018
(Sist oppdatert 30.januar 2018, 07:55)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt

Må 15.okt 22:10
Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Tor 20.sep 19:09
Kongleriket 23.09.18
Ons 12.sep 22:09
Vaktliste for Vetenbadinga
Tys 04.sep 23:09
Nær O-løp torsdag
Sø 02.sep 21:09
Vetenbadinga startar opp att!

Kalendar