Oppstart av langrennstreningar

Av Øyvind

Langrennstreningane startar opp 09.01.18. Her er informasjon frå Skigruppa:
Onsdag, 9/1, startar vi opp med skitreningane for i vinter. Treninga begynner kl 18.00.
Stilart: Skøyting/friteknikk. Tema: Balanse.
UTDELING AV EFFEKTAR TIL ALLE SOM KJEM PÅ TRENINGA PÅ ONSDAG!

Gruppeinndeling og instruktør:
-Gruppe 12 år og oppover, Elias Bergset
-Gruppe 11 år og under, Øystein Hesjedal
-Barnehagebarn og nybegynner, Odd-Arne Bergset.
Dette er dei ansvarlege trenarane/ instruktørane, men det vil nok bli ein del vikarierande trenarar utover vinteren.

NB:
Kva stilart som skal være på treninga gjeld kun for den eldste gruppa. Det er ingen faste aldersgrenser på gruppene og det er såleis fritt fram for å være med på den gruppa ein har mest lyst til. Det viktigaste er at vi har det kjekt på ski og skapar eit godt treningsmiljø!

Vi vil i år, som tidlegare år, organisere kvelds etter trening så ofte som det lar seg ordne. Første kvelds etter trening vert 23.januar. I tillegg kjem vi til å forsøke å arrangere fellesturar på nokre utvalgte skirenn i vinter! Meir informasjon om kvelds, cuprenn og fellesturar kjem snart:)

-Skigruppa-
(Sist oppdatert 07.januar 2019, 21:36)

Gå til nyhendearkiv