Invitasjon til Holmøyskarrennet 2019!

Av Øyvind

Skipa 1967. Renn nr. 52

Idrettslaga Hardbagg og Veten byr inn til det tradisjonsrike turrennet Holmøyskarrennet Palmesøndag 14. April 2019 med start og innkomst på Nordfjord fritidssenter, Fjelli i Stryn
Parkering: Organisert parkering ved Nordfjord fritidssenter. Pris kr 50,- pr bil, berre kontant betaling.

Start: Trim- og familieklasse utan tidtaking kl 0830 - 1100. UH-klassar kl 1100. Konkurranse- og turlangrennsklassar kl 1200.

Innkomsttid trim- og familieklasse seinast kl 1700.

Påmelding: Trim- og familieklassen ved rennkontoret før start. Registrering same stad ved innkomst. Konkurranseløparane melder seg på innan fredag 12. April kl 2100 på Min Idrett - online påmelding.
Påmeldingsansvarleg: Svein Arild Bergset, tlf. 99159908, post@veten.info

Startkontingent: Trim- og familieklasse under 16 år kr 50,-, vaksne kr 200,-. Konkurranse- og turlangrennklassane kr 250,- . Betaling kontant eller med kort ved frammøte til registrering.

Konkurranseklassar: Junior kvinner/menn 15 – 16 år og 17 – 20 år. Senior kvinner/menn 21 – 35 år, 36 – 45 år, 46 – 55 år, 56 – 60 år, 61 – 65 år, 66 – 70 år, 71 – 75 år, over 75 år.

Turlangrennklassar: 17 – 35 år, 36 – 50 år, over 50 år. I denne klassen kan alle gå som ikkje har teke premie i terminfesta renn i inneverande sesong.

Lisens: Deltakarane i konkurranse- og turlangrennsklassane må vise kvittering for betalt lisens til NSF ved registrering/henting av startnummer. Dei som ikkje har heilårslisens kan kjøpe eingongslisens før start. Det kostar kr 60,- for dei opp t o m 25 år og kr 150,- for dei som er eldre. For dei som er 70 år og oppover er lisensen frivilleg.

Premiering: Minimum 1/3 i konkurranse og turlangrenn. Fine gåvepremiar. Uttrekking av premiar i trim- og familieklassen. Vandrepokalar vinnast 3 gonger. Beste damelag 3 stk, beste herrelag 3 stk, beste herrelag 5 stk. Pengepremie kr 2000,- til det laget som stiller med flest deltakarar på tid, minimum 10.

Dusj/garderobe: Nordfjord fritidssenter.

Vel møtt til truleg Norges finaste skiturrenn!

Besøk også www.holmoyskarrennet.no
(Sist oppdatert 30.mars 2019, 23:10)

Gå til nyhendearkiv