Fotballeiarkurs

Av Øyvind

Fotballeiarkurs 1 i Stryn, 16. og 17.November

NFF Sogn og Fjordane vil med dette invitere til kurs i klubbdrift, saman med kursinstruktør Per-Øyvind Sørbø. Kurset får over to dagar og vil ta sted i klubbhuset til Stryn Fotball, på Stryn Stadion på følgjande tidspunkt:

Fredag 18:00-21:00
Laurdag 10:00-14:00

I løpet av desse dagane skal vi gjennom fleire bolkar som samen vil gje deltakarane Fotballeiar 1-kompetanse.


Den verdifulle idretten
Vår store fotballfamilie
Banen vi spiller på

Kurset er tilpassa alle med ulike verv i fotballen (trenarar, dugnadsansvarlege, sportsleg ansvarleg, rekrutteringsansvarleg, trenaransvarleg, kommunikasjonsansvarleg, osv.). Det er ein klar fordel dersom fleire frå same klubb tek kurset samtidig – då kan ein ta utgangspunkt i konkrete utfordringar i eigen klubb. Kurset består av førelesning i plenum og gruppearbeide. Det vil bli servert pizza på fredagen, slik at ein slepper å stresse med å få i seg mat før kursstart. Laurdag vert det servert lett møtemat (t.d bagettar, frukt, kaffi).

Kurset er gratis!

Påmeldingsskjema finn du her:https://fotball.formstack.com/forms/p_melding_flk_1_nordfjord_2019
Frist for påmelding er sett til Måndag 12.November.

Vel møtt!

Venleg helsing
Anders Veibust
Klubbutviklar
NFF Sogn og Fjordane
(Sist oppdatert 09.november 2018, 06:02)

Gå til nyhendearkiv