Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Her kjem ei orientering frå Barneidrettsgruppa om kva som er planlagt i haust. Du finn også ein aktivitetsplan og ei køyreliste.
Vel møtt til ein ny og spennande haust på idrettskulen!
Førskulen og 1. klasse deltar på orientering på NFS og vil resten av hausten ha treningane sine i gymsalen på skulen. På den yngste gruppa ynskjer vi at foreldra er tilgjengelege i garderoben mens treninga pågår, mens forelder til det barnet som er satt opp som hjelpar deltek på aktiviteten.
2. – 7. klasse har fyrst 3 økter på NFS, og er deretter delt i 3 ulike grupper. Av praktiske årsaker fylgjer ikkje dette nødvendigvis klasseinndelinga, sjå difor nøye på vedlegget om gruppeinndeling. Klokkeslettet vil også variere avhengig av aktivitet. Nytt for hausten er ridning på Norsk Fjordhestsenter på Eid. Dersom de veit at barnet dykkar ikkje ynskjer å delta på ridning, gje tilbakemelding til Anita om dette med ein gong! (Dette grunna kostander for idrettsskulen og organisering av opplegget, idrettsskulen betaler for antall born.) Vi ynskjer at dei som er satt opp som sjåførar til ridninga også er tilgjengelege som hjelparar og «kjentfolk» for borna. Vi oppmodar alle om å melde seg inn i idrettslaget. Dette grunna forsikring og premieskjold.Sjekk IL Veten si heimeside for meir informasjon.
Følg oss på Facebook : Veten – Idrettsskulen. Tilleggsinformasjon og endringar blir kunngjort her.
Ta gjerne kontakt dersom noko er uklårt. Vi gler oss til ein aktiv haust!
Helsing Barneidrettsgruppa IL Veten
Vigdis, Bente, Monica og Anita
Kontaktperson for idrettsskulen er Anita Roset, 41244549, anita@innvikfrukt.no
Aktivitetskalendar haust 2018
Gruppeinndeling/Køyreliste haust 2018

(Sist oppdatert 15.oktober 2018, 22:29)
Siste nytt
- Tys 12.feb 21:02
- CUP-renn i langrenn 13.02.19 (klassisk stil)
- Lau 09.feb 22:02
- Søndagsmiddag og opning av skitau i morgon!
- Sø 03.feb 16:02
- SFE Cup i hopp utsett!
- Tor 24.jan 16:01
- Flytting av cuprenn i langrenn
- Sø 20.jan 22:01
- Informasjon om Idrettsskulen vinter/vår 2019
Kalendar
- 26. feb
- SFE Cup Hopp
- 10. mar
- SFE Cup Hopp/kombinert Finale og KM
- 14. mar
- Cuprenn langrenn (fristil)
- 30. mar
- Vetenrennet - SSF karusell