Årskort parkering 2021

Av Øyvind

Godt Nyttår til alle frå idrettslaget. No kjem det meir snø og årskortet for 2021 er klart.
Du finn det på Coopen eller på nettsida vår. Årskorta er ei viktig inntekt for idrettslaget! I fjor brukte laget ca. 230.000,- kr på preparering av lysløyper og turtrasèar. I tillegg kjem preparering av bakkar og skitrekk. Klarer vi å sette ny rekord for sal av årskort i år, slik at vi også i år kan få mange flotte opplevingar i desse eventyrlege løypene?

Oddvin Myklebust
Leiar, IL Veten

På denne sida finn du meir informasjon og kan laste ned kortet.
(Sist oppdatert 09.januar 2021, 23:55)

Gå til nyhendearkiv