Kongleriket 23.09.18

Av Øyvind

Førstkomande søndag er det klart for den siste Kongleriket-turneringa for sesongen.
Fotball: Kampoppsett Kongleriket 23.09.18

Turneringa er denne gongen i Hornindal. Spelarane møter opp i god tid før første kamp,. Møt opp ved den bana som laget skal spele på. Laga spelar stort sett på same bane heile tida, med unntak av G6, som skal spele den andre kampen sin på bane 2.

Hornindal IL kjem med følgjande viktige informasjon:
Minner om at det kan bli parkering delvis ved Hornindal skule, og ved Hornindal kyrkje. Dette er pga. bygging av ny skule, og dermed er deler av parkeringsplassen ved skuleområdet nytta som anleggsområde.
Vi oppmodar alle om berekne god tid før kampstart, og ikkje minst nytte gong og sykkelvegen frå kyrkja mot skule og idrettsområdet. Det blir parkeringsvakter som viser dykk på plass.


Vel møtt!
(Sist oppdatert 20.september 2018, 19:50)

Gå til nyhendearkiv