Anders Fannemel til VM i Vikersund!

Av Øyvind

Storhopparen Anders Fannemel frå Hornindal er klar for VM i skiflyging i Vikersund til helga!
I tillegg til Fannemel, fekk Anders Bardal, Rune Velta, Bjørn Einar Romøren og Tom Hilde VM-billett.
Anders Fannemel 09
Anders Fannemel 09
Etter å ha prestert 2 hopp over 200 meter forrige helg, var dette nok til å overtyde landslagstrenaren om at han skulle få vere med på VM på heimebane. Ein STOR prestasjon og spesielt kjekt for IL Veten med tanke på kor mange timar han har brukt til trening i Bjørkelibakkane.

IL Veten gratulerer og ønskjer Anders lukke til i VM! Ein medalje er absolutt innan rekkevidde.

Les meir om uttaket og sjå hoppet der han landa på 216 meter her.
(Sist oppdatert 27.februar 2012, 21:29)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt

Må 15.okt 22:10
Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Tor 20.sep 19:09
Kongleriket 23.09.18
Ons 12.sep 22:09
Vaktliste for Vetenbadinga
Tys 04.sep 23:09
Nær O-løp torsdag
Sø 02.sep 21:09
Vetenbadinga startar opp att!

Kalendar