Kurs: "Trenarar si rolle i barneidrett - tilrettelegging og førebygging"

Av Øyvind

Fredag 6. november kl 19.00 kjem Kristin Roset til Stryn kulturhus for å snakke om si erfaring som idrettsutøvar med spiseforstyrring. Kristin er frå Gloppen og har fleire NM gull på 800 meter. Ho har blant anna skrive bok om temaet, og reiser rundt i landet og held foredrag.
Sjå programmet under!

Den følgjande informasjonen kjem frå Voksne for barn:

Påmeldingsfrist onsdag 4. november.

Trenarar si rolle i barneidrett - tilrettelegging og førebygging.

6.november, kl. 19.00, Frendesalen i Stryn kulturhus.



Voksne for barn er ein organsiasjon som jobbar for trygg barndom og god psykisk helse for born og unge. I år har organisasjonen gått saman med Mental Helse og Leve i markering av Verdensdagen for psykisk helse. Vi ynskjer å sette fokus på den viktige jobben frivillege trenarar innan barneidretten gjer. Tema for verdensdagen er “Kast maska”. Dette er høgst relevant for frivillege trenarane som i løpet av sitt engasjement kan møte på born og unge med ulike utfordringar. Utfordringane kan blant anna vere spiseforstyrring.



Vi har sett saman eit program som skal bidra til auka kunnskap om spiseforstyrring og om korleis ein kan førebyggje tilfeller. Vi ynskjer og å ha fokus på den viktige jobben trenarane gjer som fremjar god psykisk helse blant born og unge. Målet vårt er å gje gode tips og idear som inspirerer til å halde fram som trenarar.



Program:

19:00 Springerinne Kristin Roset.

Eigne erfaring som idrettsutøvar med spiseforstyrring.

Trenaren si rolle i barneidrett. Korleis førebygge spiseforstyrringar? Kva teikn kan

trenarane sjå. Kva bør han/ho gjere?



Pause 20 min​



20:20: Sjur Ole Svarstad - rekruttlandslagstrenar i langrenn.

Trenaren si rolle i barneidrett: Korleis tilrettelegge idrett for at alle skal oppleve

glede og meistring.



20:40: Jan Endre Nesdal - far og trenar innan turn.

Trenaren si rolle i barneidrett: Positive ringverknadar av å oppleve eit inkluderande

miljø, og å bli sett. Viktigheit for ein trenar "å sjå" alle uansett prestasjonsnivå.



Hovudmålgruppa er trenarar i barne og ungdomsidretten i Stryn og Hornindal kommune. Det er sjølvsagt ope for alle som ønskjer å høyre på.



Billett kr 100,- per pers.

Kontakt Anne Marie Svarstad, 926 090 77, anne.marie.svarstad@sfj.no. Voksne for Barn, Indre Nordfjord lokallag.

(Betal inn på 3705 26 50462, Voksne for Barn, Indre Nordfjord lokallag.
(Sist oppdatert 03.november 2015, 21:35)

Gå til nyhendearkiv