Informasjon om komande app for Fjelltrimmen!

Av Øyvind

IL Veten kan informere om at ein app for registrering av poeng i Fjelltrimmen er under utvikling. Leiar for Fjelltrimmen, Bernt Ragnvald Veddegjerde, er primus motor og seier følgjande om planane:
Nakkjen utsiktAppen til Fjelltrimmen er under utvikling. Det vi førebels har fått sett av han virkar lovande. Opplegget er at du kan registrere deg gjennom bruk av gps. Når du er 50 meter frå punktet, kan du trykke på registrer. Ein skal likevel skrive i boka, som før. Det skal også vere mogleg å registrere andre, men ein kan også i ettertid registrere seg på nettet.

Målet er at appen skal vere enkel bruke, men samstundes at basisen for appen skal vere fleksibel. Vi kan seie at han kan ha ulike modular, og ut frå det kan ein seinare byggje på med ulike løysingar for andre føremål. De får høyre meir når det nærmar seg.

Appen blir utvikla for Iphone og Android.


Bernt Ragnvald har også, via Facebook-sida vår, ytra ønskje om at ein startar med ei ny rutine ved registrering av turar i bøkene. Han ønskjer at ein lagar ei ekstra kolonne bakerst på kvar side i bøkene. I denne kolonna skriv de opp det totale antalet turar de har på gjeldande fjelltopp. De skriv altså opp det totale antalet bak kvar registrering.

Døme
Du går på Bergsetnakkjen 05.11.15, klokka er 15.00 og det er den 8. turen din som står oppført i gjeldande bok. Då skriv du følgjande:
"05.11.15 - Ola Nordmann - 15.00 - 8"

Neste gong du går på Bergsetnakkjen skriv du talet 9 bakerst i registreringa.

Dette er for å gjere oppteljinga lettare.

Her er også eit bilete som han laga for å illustrere:

Fjelltrimmen: døme registrering © Bernt Ragnvald Veddegjerde
(Sist oppdatert 04.november 2015, 22:58)

Gå til nyhendearkiv