Informasjon om planlagd hoppsamling i Romjula

Av Øyvind

Det er planlagd hoppsamling i Bjørkelibakkane 28. og 29.12.15. No er, som alle kjenner til, vèr- og snøsituasjonen veldig usikker. Endeleg avgjerdsle vert teke 27.12. på ettermiddag. Vi vil ta kontakt med dei som er påmelde søndag kveld.
Det er fastsett følgjande program desse dagane:

28.12.:

· Bakkane hoppklare frå kl 1300.
· Lokale trenarar vert til stades i bakkane kl 1400 – 1700.
· Ikkje noko fast tidspunkt stenging av bakkane.
· Det vert ikkje servering av mat. De som tingar overnatting og skal bu på senteret, avtalar med dei om mat.
· Vi serverer frukt og drikke.

29.12:

· Hopprenn.
· Vi startar prøveomgangen kl 1200. Det vert då høve til å trene vidare før rennet.
· Hugs lisenskrav!
· Premiering etter rennet.

Praktisk:
· Vi har ski til utlån, men ta med langrennsko (NNN-binding). Det gjeld dei kortaste skia.
· Det finst og nokre hoppski med telemarkbinding og hoppbinding. Til ski med hoppbinding har vi nokre sko
· Nokre få dressar av mindre nr. kan lånast.
· Treningsavgift: Kr 200. Laget sender faktura i etterkant.

Påmelding treningsamling:
Må skje innan 27.12. kl 1500 til e-postadr jon.kare.blakset@sfj.no. Gje då opp mob.nr og alder!!
Du kan og nytte mob: 415 30 795.

Ring viss noko er uklart.

Hoppgruppa, IL Veten
v/ Leiar, Jon Kåre Blakset
415 30 795
(Sist oppdatert 23.desember 2015, 21:01)

Gå til nyhendearkiv