Funksjonærliste til Norgescup hopp

Av Øyvind

IL Veten skal arrangere Norgescup (Konica Minolta NC) i hopp 27. og 28. februar 2016. Dette er dei nest beste hopparane i landet.
I den samanheng må vi sette saman ein dyktig funksjonærstab som kan løyse denne oppgåva.

Vi har vore i kontakt med dei som er markert med utheva skrift, og dei vil vere leiarar for kvar sine grupper.
Dei øvrige, er ikkje kontakta på førehand, men vi håpar så mange som råd har høve til å stille.
Vi ber dei som ikkje har høve til å vere med, melde i frå til Oddvin Myklebust 909 60 342 eller om@nordplan.no
så vil vi finne ein annan i din stad. Ber og om at de sender ein e-post med rett telefonnummer og e-post, dersom dette er feil, til same adresse. Det vil verte gitt nærmare info gjennom gruppeleiarane.

Oddvin Myklebust
Leiar i IL Veten

Last ned funksjonærlista
(Sist oppdatert 19.januar 2016, 09:18)

Gå til nyhendearkiv