Oppstart av turn for born mellom 2 og 4 år!

Av Øyvind

Odd-Arne Bergset vil starte opp med turn for aldersgruppa 2-4 år. Eit flott tiltak som vi håpar mange vil nytte!
Hei!

IL Veten startar opp med turnaktivitet for barn mellom 2 og 4 år (født 2011, 2012 og 2013). Kartlegginga vi gjorde i desember viste stor interesse for dette og vi begynner med aktiviteten onsdag 13.januar kl 17.30-18.15, i gymsalen på Nordsida skule.

Alle barn som deltek må ha med seg ein føresatt som er tilstades under heile aktiviteten.
Praktisk informasjon elles tar vi ved oppmøte (samt i eit skriv som blir sendt ut etter første aktivitet). Kom gjerne med tilbakemeldingar og innspel.

Mvh
Odd-Arne Bergset
(på vegne av IL Veten)
(Sist oppdatert 06.januar 2016, 21:43)

Gå til nyhendearkiv