Viktig informasjon frå turngruppa

Av Øyvind

Odd Arne har litt viktig informasjon til dei som er med på turngruppa (for ungar i alderen 2-4 år):
Det var veldig kjekt at så mange kom på turnaktiviteten forrige onsdag! Turnaktiviteten fortsetter onsdag 20.januar kl 17.30-18.15, og dersom denne dagen er grei for dei fleste så fortsetter vi med det vidare også. Her er litt meir viktig informasjon:

- Inngang:
Frå og med onsdag blir det inngang gjennom garderobane på nedsida (innafor) skulen. Dvs at ein kjem seg ikkje inn frå hovudinngangen oppe.

- Medlemsskap:
Deltakelse på turnaktiviteten forutsetter at barnet/barna er medlem i IL Veten. Enkeltmedlemsskap for barn kostar 50,-, for vaksen 150,- og familie 300,-. Den enklaste måten å få registrert medlemsskap på er om alle som har barn som deltar/ skal delta på turnaktiviteten sender informasjon til meg på kva medlemsskap dei ønskjer. Deretter sender eg det samla vidare til IL Veten (faktura sendes ut snarleg). Eg treng då navn og fødselsdato (til alle som skal være medlem), samt adresse.

Medlemsskap i idrettslaget er spesielt viktig forsikringsmessig. Dersom det skulle skje eit uhell/ ulykke under turnaktiviteten vil barnet være forsikra gjennom Gjensidige barneidrettsforsikring så lenge ein er medlem i IL Veten. Les meir her: https://www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/forsikring

- Bekledning:
Det er ikkje krav om noko spesiell bekledning på aktiviteten. Eg vil likevel anbefale at barna har joggedress eller liknande og helst eit par antisklisokkar/ turnsokkar. I tillegg kan det være lurt å ta med ei drikkeflaske.

- Mailliste:
Dei som får denne mailen og ikkje ønskjer å få vidare informasjon kan gjerne gje meg ei tilbakemelding, så skal eg fjerne dykk frå lista:)


Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål eller andre tilbakemeldingar!

Mvh
Odd-Arne Bergset
Tlf: 91615823
(Sist oppdatert 20.januar 2016, 19:30)

Gå til nyhendearkiv