Endring av løype i Holmøyskarrennet

Veret er ikkje på arrangørane si side i år. Det er skodde og vind i høgfjellet i dag, og i morgon er det meldt meir vind.
Vi har difor på møte idag bestemt at det vert renn i ei løype lågare nede i terrenget. Og vi vågar å kalle løypa for Noregs finaste reserveløype. Fyrste og siste delen vert etter den vanlege traseen for Holmøyskarrennet, men på Rosetstøylen svingar løypa mot vest, går nedafor Ulvedalsstøylen, ovafor Bergsetstøylen, saftstasjon ovafor Sølvbergstøylen, vidare utover til Kleiva og inn på den kjende traseen til mål ved Nordfjord fritidssenter. Dette vert ei flott løype på om lag 18 km. Og ved mål vert det saftstasjon for alle i år, ikkje berre for dei som går på tid. Appelsiner får de og gratis til å ha med i sekken ved startregistrering.
(Sist oppdatert 19.mars 2016, 19:26)

Gå til nyhendearkiv