Samanlagtresultat Fjord-O 2016

Av Øyvind

Då var Fjord-O 2016 over. Dei 2 siste løpa var det Emblem idrettslag som arrangerte i Ålesund.
Det var knytt stor spenning til om Elias Bergset ville klare pallplassering etter å ha sikra seg ein førebels 2. plass etter dei to løpa her heime. Og det klarte han! Han heldt 2. plassen sin samanlagt. Ein flott prestasjon! Også Isak imponerte med ein sterk 3. plass, etter å ha delteke i berre 2 av løpa. Sven Bergset vart totalt nummer 5. Også det ein flott prestasjon! Les meir på fjordingen.no (krev innlogging/abonnement).

Det var fleire Veten-løparar som reiste til Ålesund for å delta på løpa der. Og det var mange som gjorde sterke løp! Det var opptil fleire som kom på topp-3 i løpet av desse dagane. Blant anna Irene og Anders Bergset. Ved å besøkje Eventor sin resultatservice kan du leite deg fram til resultata for alle dagar. Du kan også sortere på resultat pr. klubb. Samanlagtresultata finn du her.

Strålande innsats av våre dyktige orienteringsløparar, nok ein gong. Det viser at vi har flinke utøvarar i fleire klassar!
(Sist oppdatert 18.juli 2016, 00:10)

Gå til nyhendearkiv