Vitind - appen for registrering av poeng i Fjelltrimmen

Av Øyvind

Merk deg namnet Vitind! Appen som de fjellvandrarane ventar på, er her!
Han har vorte utvikla for Fjelltrimmen i IL Veten i første omgang, men viss de i Hardbagg har lyst å prøve, så sender de inn koordinatane og poengsummen på dei registreringspunkta de har, så kan utviklaren ordne det etter kvart.
Vitind-logoFølgjande står om appen på Google Play: "Med Vitind kan du sjekke inn og registrere poeng på fjelltopper for Fjelltrimmen. Se avstand til toppen i løpet av turen, og ved innsjekk kan du laste opp både kommentar og bilde. Du kan også koble til venner og se deres statistikk, bilder og kommentarer".

Seinare kan andre idrettslag henge seg på. Appen er eit supplement til trimboka, og han gjer det lett å halde styr på dine personlege poeng.
De vel turmål, og sjekkar inn ved hjelp av GPS. De må då vere i nærleiken av målet.
Det kjem oppdateringar så ofte som mogleg. Appen finst både for Iphone og Android.

Bernt Ragnvald Veddegjerde
(Sist oppdatert 09.oktober 2016, 16:16)

Gå til nyhendearkiv