Julehelsing frå IL Veten

Av Oddvin Myklebust

Her kjem ei lita julehelsing ifrå oss i IL Veten.
IL Veten vil ynskje alle ei God Jul og eit Godt Nyttår. Takk til alle som har organisert, leia og delteke som funksjonærar og aktive på våre aktivitetar gjennom 2016!

No har vi fått på plass tjenesten "skisporet.no". Her får du info om kor tid løypene våre sist var køyrt. Gå inn på nettet og last ned app.

14.-15. januar skal vi arrangere Norgescup i hopp og kombinert. Funksjonærlister vert sendt rundt i posten/ lagt ut på heimesida vår i desse tider. Håper på eit like vellukka arrangement som i fjor.

Samtidig legg vi ut Parkeringskort for 2017. Desse vert også lagt ut på Coopen. Alle tiders julegåve :)!

Skitreningane er i gang, og med rikeleg med snø, som vi håper på, vert det ein aktiv vinter på NFS.

Aktivitetskalendar finn du på heimesida vår. Denne vert også distriubert i posten.

Helsing styret i IL Veten
(Sist oppdatert 20.desember 2016, 21:39)

Gå til nyhendearkiv