No kan du betale til IL Veten med Vipps!

Av Øyvind

Styret i idrettslaget har no ordna det slik at ein kan betale med Vipps til IL Veten.
Det er no mogleg å betale alt frå lodd til skitau, bading og parkering ved å bruke appen Vipps.
Etter at du har lasta ned Vipps til mobiltelefonen din, tastar du inn talet 81799, og "Veten" vil dukke opp. Deretter tastar du inn sum og overfører.
Hugs å skrive kva betalinga gjeld!
(Sist oppdatert 21.mars 2017, 22:24)

Gå til nyhendearkiv