Holmøyskarrennet flytta til Ullsheim

Av Øyvind

Følgjande informasjon står å lese på Holmøyskarrennet si Facebookside:
Mykje mildver og regn dei siste dagane har gjort at vi må flytte rennet til Ullsheim i Markane. Snøtilhøva i fjellet i Blakset/Fjelli/Randabygda-området gjorde det umuleg å få til rundløype som var eit femtiårsjubileum verdig. Men stor takk til Arvid Hatledal som syter for gode løyper og har lager av kunstsnø i bakhand på Ullsheim! Løypa for rennet vert 20 km. Det er berre staden for rennet som er endra; innbydinga til rennet elles står ved lag.

Meir informasjon på heimesida til Holmøyskarrennet
(Sist oppdatert 04.april 2017, 21:25)

Gå til nyhendearkiv