Informasjon om oppstart og vaktliste for skitau 2018

Av Øyvind

Det er tidleg oppstart av skitauet i år, og her finn du informasjon om rutiner og kven som er oppførte som vakter dei ulike dagane.

Tusen takk for at de stiller på. De må gjerne byte, og dele vakter slik de ynskjer.
Vakta varer frå kl.1100-1600

1. Hent kassa i gangen på Nyberg
2. Hekt tauet av stolpane i øvre del av trekket,og pass på at det ikkje er frose fast nokon plass. Dette ser de ved å passe på at tauet går skikkeleg med ein gong de startar trekket.
3. Set i nøkkelen i brytaren inne i buda, vri om og sjekk at brytaren er ute.
4. Ein må minne brukarane på at dei må vente med å gå på trekket til personen framfor har passert det grøne skiltet (pass på at skiltet er sett opp). Dette er for å unngå overbelastning og trekkstopp (vaksne bør ha lenger mellomrom).
5. Brukarane må ikkje ha lause gjenstandar på seg (snorer, skjerf o.l.)

Registrering:
1. Skriv opp namnet på dei som kjøper årskort (Det er enklast om desse blir betalte inn på bankkonto/VIPPS) Merk familie eller skriv kven kortet gjeld
2. Når det gjeld dagskort og enkeltturar er det nok å registrere tal.
3. De som har vakta må hugse å skrive under på vaktlista som ligg i skrinet.

Sjekkliste ved vaktslutt:
1. Stopp trekket med nødstopp
2. Legg nøkkelen i kassa
3. Hekt tauet på stolpane i øvre del av trekket
4. Set inn kassa med krokar
5. Lever kassa på Nyberg

Ved driftsspørsmål ring Anders Magne tlf. 90 25 42 83

Det er ikkje sett opp trekkvakter vekedagar i vinterferien. Er det dagar de har lyst å opne trekket kan de sjølvsagt gjere det. Det MÅ då vere ein ansvarleg vaksen tilstades heile tida, og denne ansvarlege må skrive under i Loggboka. Dersom de opnar trekket må de skrive dette på Facebook på Veten si side i så god tid som råd (med planlagt opningstid), slik at andre kan bli med.

Tusen takk for hjelpa! Håpar de får ein flott dag, med mykje moro
:) Kari V


Vaktliste skitau 2018 © Kari Vigdis Nyberg
(Sist oppdatert 11.januar 2018, 21:13)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2141_16.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Siste nytt

Må 15.okt 22:10
Informasjon om Idrettsskulen hausten 2018
Tor 20.sep 19:09
Kongleriket 23.09.18
Ons 12.sep 22:09
Vaktliste for Vetenbadinga
Tys 04.sep 23:09
Nær O-løp torsdag
Sø 02.sep 21:09
Vetenbadinga startar opp att!

Kalendar