Sterk innsats av Tord i Hovudlandsrennet!

Av Øyvind

Tord fekk ein flott 7. plass under normaldistansen på Hovudlandsrennet i skiskyting i Brummunddal.
Også Tord Sølvberg imponerte stort i 15-årsklassen. Løparen frå Fjelli, som går for Hardbagg IL, kjempa heilt i toppen etter første skyting der det vart fullt hus. Dessverre vart det to bom og eitt minutt i tillegg for Sølvberg på den andre skytinga, men takka vere eit sterkt langrenn låg han lenge på pallplass i mål og det heldt til slutt til ein svært solid 7. plass. Han var omlag 40 sekund frå bronsemedaljen og 2.35 bak vinnar Jakob Lundby frå Østre Toten Skilag, skriv Fjordingen på sine nettsider.

Hovudlandsrennet si heimeside kan du, blant anna, følgje dei resterande konkurransane med live oppdateringar.
(Sist oppdatert 03.mars 2018, 10:35)

Gå til nyhendearkiv

 

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_70ef_22.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))