SFE Cup hopp Finale søndag

Av Øyvind

Søndag 11.mars er det duka for SFE Cup hopp Finale i Bjørkelibakkane. Funksjonærlista finn du nederst i artikkelen.
Bjørkelibakkane 0903Det blir hopping frå og med k1, til og med k70.
Prøveomgangane startar kl. 12.00, og rennet startar umiddelbart etter at dei er gjennomførte. Det blir premiering etter avslutning i kvar bakkestorleik.

Påmelding til post@veten.info for medlemer av IL Veten.

Øvrige deltakarar melder seg på via Min Idrett
Opp til 16 år: kr. 100
16-senior: kr. 115
Senior: kr. 130

Påmeldingsfrist er sett til laurdag 10. mars kl 12.00.

Vel møtt!

Hopp: funksjonærliste SFE Cup Finale 2018
(Sist oppdatert 08.mars 2018, 21:56)

Gå til nyhendearkiv