Holmøyskarløypa køyrt opp på ny!
Fantastiske vermeldingar for heile veka! Trakkemaskina har køyrt gjennom heile den offisielle Holmøyskarløypa.

Denne løype- og naturperla vil bli helden open gjennom heile påska så sant forholda tillet det. Last ned app frå skisporet.no for å få oppdatering. Vi fekk diverre ikkje nytte denne traseèn i år, på Holmøyskarrennet, då vermeldingane tidleg på dag var for risikable. Om du ynskjer å gå denne traseèn no i påska og blir så imponert at du har lyst å gi eit bidrag til prepareringa, så kan du Vippse til 81799 eller søke opp "Idrettslaget Veten".
Også resten av dei naturvakre løypene våre er nypreparerte.
Velkomne - hugs parkering og God tur!
Oddvin Myklebust
Leiar, IL Veten

(Sist oppdatert 27.mars 2018, 18:28)
Siste nytt
- Sø 15.apr 10:04
- 5-støylsløypa oppkøyrd
- Ons 04.apr 21:04
- Resultat lagsmeisterskap i langrenn
- Tor 29.mar 15:03
- Resultat Nakkjen Ned 2018
- Tys 27.mar 18:03
- Holmøyskarløypa køyrt opp på ny!
- Lau 24.mar 16:03
- Nakkjen Ned 2018