Resultat Nakkjen Ned 2018

Med sol ute og inne, fantastisk føre i fjellet og med ein flott gjeng vågale skilauparar på startstreken så var det berre rett og rimeleg at Nakkjen Ned 2018 vart ein suksess.
Det var mange tronge sekundstridar i dei ulike klassane, men alle kom i mål med smil om munnen.

Raskast var Mathias Hagen med den flotte tida 3.34,02. Berre nokre tidelar bak suste Even Nesje inn med 3.34,83.

I dameklassane var Monica Beate Hesjedal raskast med 4.12,31, med Malin Bergset rett bak med 4.16,42.

I Mininakkjen Ned var det 18 unge lovande som var med.

Fullstendig liste finn du her.
(Sist oppdatert 29.mars 2018, 15:44)

Gå til nyhendearkiv