IL Veten

IL Veten

Hagen
Kr. A. Vik
O. E. Hagen
Byggtorget
Stryn Hotel

ALLIDRETT BARN - KALENDER 23/24

Skrive: 17. Oct 2023

Barneidrettsgruppa i IL Veten ønskjer alle barna i klassetrinn førskulen til 7. klasse i IL Veten sitt område velkomne til idrettskule - allidrett barn 2023/2024. Målet med allidrett er å gje barna mulighet til å bli kjent med ulike aktivitetar, og på den måten få eit godt utgongspunkt for å delta i fleire idrettar seinare.

Vi har sett opp namn på barn under hjelpar, så er det opp til dykk foreldre om det er far eller mor som vert med. Oppgåva til assistentane er å prøve å få med alle barna på aktiviteten, bistå ved evt. konfliktar som måtte oppstå og elles hjelpe til ved behov. Dersom de ikkje kan stille den dagen de er sett opp, håpar vi de bytar med nokon.

  • Nattorientering: Ta med god hodelykt og refleksvest. Ingen barn skal gå ålene, og foreldre har sjølv ansvaret for å følge barna.
  • Ved aktivitet i gymsalen for den yngste gruppa oppmoder vi foreldre til å vere tilgjengelege i garderoben.
  • IL Veten har fått midlar til lågterskelaktivitet frå fylket. Hald av Søndag 12. November, då satsar vi på felles tur til Sunnmørsbadet. Meir info kjem.

Vi minner om at det er viktig at alle betaler medlemskap i idrettslaget, dette særleg med tanke på forsikring.

Vel møtt til ein aktiv haust i idrettskulen!

Helsing Barneidrettsgruppa IL Veten

Thomas, Monica Beate og Bente