
Skirenn ved Nordfjord Fritidssenter i regi av langrennsgruppa
Langrennsgruppa har trening ein dag i veka i vintersesongen. Ein deler gruppa etter alder/nivå/ interesse. Det vert trena teknikk, kondisjon samt organisert skileik på stadion. Ein samarbeider også med allidrett barn og hopp, og har nokre fellestreningar og arrangement.
Langrennsgruppa arrangerer Vetenrennet årleg. Dei siste åra har det blitt klassifisert som eit SSF cuprenn og samla mange frå nabobygder og -kommune ved Nordfjord Fritidssenter.
- Leiar/trenar: Odd Arne Bergset
- Medlem/trenar: Matias Sølvberg