IL Veten

IL Veten

Hagen
Kr. A. Vik
O. E. Hagen
Byggtorget
Enivest

Bjørkelibakken

Bjørkelibakkane er eit hoppanlegg ved Nordfjord Fritidssenter.
Anlegget ligg omlag 600 m.o.h. på nordsida av Nordfjorden, med 5 hoppbakkar i storleikar frå 15 til 90 m. 

Vi har også plastbakkar i storleik K15 og K40

Gjennom ein utbyggingsperiode på nær 15 år vaks anlegget fram ved hjelp av spelemidlar og med kommunal innsats når det gjeld vegframføring og parkeringsplassar. Men det mest imponerande er likevel dugnadsinnsatsen frå ein trufast gjeng mellom dei vel 400 innbyggjarane i idrettslaget Veten sitt geografiske område.

Bjørkelibakken
Bjørkelibakken

Dei største arrangementa på anlegget var NM på ski, Nordiske greiner i 1996 og Junior-VM i Nordiske greiner i 2004. Begge vart halde saman med langrennsarenaen på Ullsheim og både anlegget og arrangementskomitéen bestod prøvene og fekk heiderleg omtale.

  • Nordfjord Fritidssenter er per i dag utleigd til Naturleg Aktiv AS som driv Stryn Leirskule